Barn fekk prøve seg som hjelpekorpsarar

18 barn deltok på den årlege aktivitetsdagen til Røde Kors Hjelpekorps under Sommarmoro 2026. Gjennom søk, båretransport, skredsøkar og kasteline fekk barna prøve seg på fleire av oppgåvene hjelpekorpset øver på.

Barna fraktar den «sakna» personen på båre fram til ATV-en under aktivitetsdagen.
Barna fraktar den «sakna» personen på båre fram til ATV-en under aktivitetsdagen.
I helga hadde vi besøk av 18 barn som deltok på den årlege aktivitetsdagen vår, som ein del av Sommarmoro 2026. Barna fekk prøve seg på fleire av oppgåvene vi i Røde Kors Hjelpekorps øver på. Først skulle dei søkje etter ein sakna person – ei dokke som var gøymd i ein frukthage. Då den «sakna» var funnen, frakta barna dokka på båre fram til ATV-en. Dei fekk også lære å bruke skredsøkar. Som ein ekstra motivasjon hadde vi gøymt ein sendar saman med ein boks med godteri. I tillegg fekk barna trene på bruk av kasteline. Ei ekstra overrasking var at politiet kom innom. Barna fekk omvising i politibilen og høve til å lære meir om arbeidet til politiet og korleis politiet samarbeider med Røde Kors. Etter ein lærerik og innhaldsrik dag avslutta vi med pizza og brus. Alle barna fekk også med seg eit flott førstehjelpssett heim. Aktivitetsdagen er ein av dei aller kjekkaste dagane i året for oss frivillige. Det er svært kjekt å sjå engasjementet og interessa barna viser for arbeidet vårt, og vi håpar sjølvsagt at nokre av dei er framtidige hjelpekorpsarar. Tusen takk til alle barna som var med og gjorde dagen så kjekk. Ei ekstra takk til politiet som tok turen innom, til grunneigaren som lét oss bruke frukthagen, og til Leikanger frivilligsentral for eit godt samarbeid.