Hanehaug treng ei fullstendig ansiktløfting

Leikanger Røde Kors sin illustrasjon på kva som verte resultatet av ei opprusting.

Leikanger Røde Kors får nye lokale i kommunen sitt lagerbygg på Hanehaug. No har dei oppmoda kommunen om å ruste opp fasaden på det gamle bygget.


03.06.2019 Knut Henning Grepstad



Sogn Avis har teke tak i Røde Kors sitt forslag og har skrive slik om saka: – Det er flott at Hanehaug har fått ny asfalt, men området treng meir – eit fullstendig ansiktsløft. Det seier Knut Henning Grepstad, leiar i Leikanger Røde Kors. Han gjev ros til kommunen for å ha rusta opp området på asfaltsida. – Her har dei gjort ein god jobb, seier Grepstad. Han leiar eit lag som er i ferd med å bli ein del av Hanehaug, med nye lokale i deler av lagerbygningen på kaien. Ny aktivitet – Leikanger Røde Kors har stor aktivitet innan omsorg med tilbod kvar veke til brukarar på sjukeheimen, i omsorgsbustadar og heime. Hjelpekorpset har dyktige veltrena medlemar som, med godt utstyr, er budde på å rykkja ut og yta hjelp når det trengst, seier Grepstad. Dette har han også sendt eit notat til kommunen om. Avtale Grepstad seier Leikanger Røde Kors er glade for at dei har fått avtale med kommunen om å leiga deler av lagerbygget på kaien til lagsrom, parkering og lager, med vidare. – Det er særs positivt at kommunen med dette har gjeve oss ein stad der vi kan driva meir aktivt, og slik verta ein betre velferdsaktør og beredskapsorganisasjon for kommunen, seier Grepstad, og meiner laget no får gode lokale som ei mellombels ordning. – Håpet er at Leikanger Røde Kors i framtida kan få sitt eige Røde Kors Hus, seier Grepstad. Dugnad Leikanger Røde Kors har i desse dagar ein omfattande dugnadsaksjon i gang med å pussa opp dei nye lokala innvendig. – Som ein inngangsport til kommunen er området viktig for både næringslivet og for innbyggjarane i kvardagen, seier han. Og legg til: – Lagerbygget på kaien må rustast opp. Helst bør det koma opp eit nytt bygg som tilfredsstiller dagens krav og som kan nyttast til ulike aktivitetar, til dømes reiselivstilbod og ulike andre servicetilbod. Fram til det eventuelt vert reist eit nytt bygg på kaien må noverande lagerbygg rustast opp utvendig. Dette kan gjerast til ein overkomeleg kostnad, seier Grepstad. – Vi er kjende med at vegvesenet planlegg eit moderne busskur og sykkelparkering på området. Det er særs positivt, men lagerbygget treng også ei oppgradering utvendig. Leikanger Røde Kors har henta inn tilbod på ny utvendig kledning av bygget, seier Grepstad. Han fortel at laget også har laga ein illustrasjon på korleis lagerbygget kan tenkjast å sjå ut etter at arbeidet er ferdig. Logo på veggen – Vi har teikna inn korleis vi ønsker at Leikanger Røde Kors sin logo kan plasserast på fasaden, seier Grepstad, og legg til: – På oppsida må også skilt med Leikanger og det nye kommunevåpenet opp. I tillegg har vi også teikna inn ein ein hjartestartar i varmeskap plassert veggen på oppsida av bygget. Leikanger Røde Kors også vil ta på seg drift og vedlikehald. Vi vil også tilby opplæring på bruken, seier Grepstad. Han legg også til at dei håpar å få støtte til tiltaket om hjartestartar i løpet av året. Og håpar kommunen finn innspelet frå Leikanger Røde Kors so interessant at dei vil følgja det opp. – Det håpar eg verkeleg, seier han.