Kjeringi Open

Litt av mannskapet på Kjeringi Open frå Leikanger og Sogndal. Frå venstre: Vegard Orrestad, Ole-Martin Tvedt, Emilie Pellegrino, Jørn Njøs (bak), Janne Humlestøl Njøs, Leif Arne Stadheim, Kevin Andre Viken, Ingar Husabø, Daniel Fritzon og John Petter Svedal.

Kjeringi Open gjennomført i år også! Lite snø ga oss ein del utfordringar denne gongen, spesielt med tanke på all naudsynt transport både i forkant av arrangementet og i dag.


27.04.2019 John Petter Svedal



ATV-en vi kjøpte i fjor var gull verdt, men på ein slik dag var ikkje det nok. Vi var difor så heldige å få låne to ATV-ar og hengar av Per Steinar Melås. Tusen takk for lånet! Vi vil også rette ei stor takk til Sogndal Røde Kors Hjelpekorps som stilte med eit solid mannskap og ein råtass av ATV med hengar. Veldig kjekt at vi har eit så godt samarbeid mellom hjelpekorpsa. Dette sikrar også betre samhandling ved aksjonar. Tusen takk for all hjelp til alle frivillige som stilte opp på denne dagen! Har du lyst å vere med i hjelpekorpset eller lurer du på kva vi driv med? Ikkje nøl med å ta kontakt!