Redningsaksjon

Redningsaksjon. Foto: Ørjan Talle

Vi vart i går kveld utkalla av AMK til redningsaksjon, då ei kvinne var skårfast i Seljeskredfjellet her i Leikanger med skada fot. Hjelpekorpset hadde beredskap på Fjærlandsete og rykte ut med tre mannskap og to snøscooterar.


19.04.2019 John Petter Svedal



Vi tok oss fram til området Tuftahaug/Molbakken, og hadde via nødnett kontinuerleg kontakt med redningshelikopteret frå Florø og Hovedredningssentralen. Området som kvinna opphaldt seg i var bratt og lite tilgjengeleg, og det vart difor avgjort at redningshelikopteret tok med seg kvinna og avslutta redningsaksjonen.