Skidag med ungdomsskulen

Skidag med ungdomsskulen

Hjelpekorpset var i dag til stades då Leikanger ungdomsskule hadde skidag. Dette for å sikre beredskap dersom skade og transport til samlingsstad for dei som av ulike grunnar ikkje kunne ta seg fram til fots eller med ski.


18.03.2019 John Petter Svedal



Elevane fekk også prøve seg på snørekøyring og dette var ein stor suksess (dette skjedde sjølvsagt i svært låg hastigheit og med stor aktsemd). Her har vi mange gode framtidige Hjelpekorpsarar som er hjarteleg velkomne som frivillige! Vi takkar både elevar og lærarar for ein fin dag, og vi ser fram til neste aktivitet.